Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Tilskotsordningar

KULTURMIDLAR OG ULIKE FORMER FOR STØTTE.

DRIFT AV LAG, STØTTE TIL TILSKIPINGAR  OG  PROSJEKT OG SÆRLEGE KULTURAKTIVITETAR  I VINJE KOMMUNE

  Eining for kultur har fylgjande hovudformer for  støtte  

1)   Årleg støtte til drift av lag

Eige søknadsskjema som kan hentast på Tenestetorget eller lastast ned frå Vinje kommune si heimeside.

Lag med ungdom som målgruppe, er særleg prioriterte.

      Søknadsfrist 01.mai.
    
      Søknadsskjema 
 

 

 

2)   Kulturårshjulet 

Treårige avtaler om  støtte til lag om årvisse tilskipingar .

Avtalene set rammer for innhald, når og kvar tilskipingane skjer, og kor støtta er.

Kvart tredje år må lag som ynskjer å forlenge avtala, søkje på nytt, og ein tar stilling til nye samarbeidspartar.

Avtalene er meint å virke til:

·         Å gjera ”kulturåret” tydlegare, arbeid og økonomi meir forutsigbart både for tilskiparar og kultureining

·         Sikre breidde i tema

·         Sikre breidde i målgrupper

·         Sikre aktivitet i ulike delar av kommunen

·         Motverke at gode tiltak og tilbod kjem på same tid/stad.

·         Oversikt over tilskipingar, enklare for eingongsaktørar og finne lagleg tid

·         Gjera bruk av kulturmidlar tydeleg for eining og politikarar

·         Fagleg refleksjon og gyldige argument for kva ein vel å støtte

 

        3)    Støtte til lag etter politiske vedtak
                Idrettslaga kr 50.000 kvar årleg

 

 

 

Sist oppdatert 10.01.2012