Samordning av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak
Samordning av
Lokale kriminalitetsførebyggande
Tiltak
Det vart vedteke i kommunestyret 31.03.05 at det skulle innførast eit forpliktande samarbeid rundt det førebyggande arbeidet for barn og unge under 18 år i kommunen. Det vart tilsett ein koordinator i 20 % stilling, under Eining for helse og sosial. Frå hausten 08 vert stillinga auka til 30% og lagt til Eining for kultur saman med ungdom og fritidsleiar stillinga, som er 50%.
Koordinatoren skal ikkje være aktivitetsleiar. Han/ho skal være primus motor for sjølve samarbeidsmetoden, ta initiativ og inspirere til at samarbeidet fungerer godt på alle nivå og til at kvar enkelt tek sin del av ansvaret.
SLT står for Samordning av Lokale kriminalitets og rusførebyggjande Tiltak.
Førebygging av kriminalitet og rusbruk er ei viktig samfunnsoppgåve for så vel offentlege som frivillige aktørar. All erfaring viser at dette ikkje er ei oppgåve som kan overlatast til ein etat åleine. Det er berre når alle gode krefter satsar saman at oppgåvene kan la seg løyse.
Ukoordinera enkeltinnsatsar hjelper vanlegvis lite. Dei må settast saman gjennom eit forpliktande og godt koordinera samarbeid. SLT er ein modell for å få til eit slikt målretta og varig samarbeid mellom dei ulike etatane.
Mykje blir allereie gjort av førebyggjande arbeid i kommunen, av enkeltpersonar, etatar eller organisasjonar. Med mange aktørar følgjer også dobbeltarbeid og overlapping og kanskje manglande/dårleg kommunikasjon – og til sist dårleg utnytting av eksisterande ressursar.
Overordna mål for SLT - arbeidet er difor å få alle interesserte og alle som er pålagt å gjere noko på feltet, til å samordne innsatsen og jobbe mot felles mål.
Målet er å få meir effekt ut av tiltak som allereie er sett i gang, ved at ulike etatar støtter og utfyller kvarandes arbeid.
Justisdepartementet og det Kriminalitetsførebyggjande Råd (KRÅD) arbeider for at
SLT - ordninga skal spreiast til fleire kommunar. Ca. 100 kommunar har i dag innført samarbeidsordninga. Telemark politidistrikt har som mål å innføre SLT i alle kommunane i fylket.
SLT organisasjonsplan:
Styringsgruppe der koordinator, rådmann, helsesjef, lensmann og ein representant frå rektorane sit.
Arbeidsutval der koordinator, kultur og fritid, barnevern, sosial, helsesøster, psykiatrien og politiet sit.
Det er tre nærmiljøgrupper i kommunen, ei for Rauland og Øyfjell, ei for Åmot og Vinje, og ei for Edland.
Nærmiljøgruppa består av:
• Sosiallærar frå skulen
• Representant frå barnehagen
• Helsesyster som høyrer til skulen
• Psykiatrisk sjukepleiar for barn og unge
• Barnevernet
• Politiet
• Miljøarbeidar
Styringsgruppa og arbeidsutvalet sit med det overordna ansvaret. Dei skal syte for å få SLT inn i sine verksemdsplanar, og legge dei overordna måla og føringane. Det organet som skal gjennomføre/syte for å få gjennomført tiltaka i praksis er nærmiljøgruppene. Nærmiljøgruppa kan gjennomføre tiltak i ei klasse, ei gruppe, ein spesiell kveld eller ta hand om einskilde ungar om naudsynt.
Er det noko du lurar på, har forslag om, bekymringar eller tips, ring eller mail SLT – koordinator
Silje Hagen;
silje.hagen@vinje.kommune.no / 35 06 23 52
Her er undervisningsopplegget
Her er tiltaksplanen 08-09
Her er virksomhetsplanen 2008-2011
Oversikt over kven som er med i SLT-samarbeidet pr. 18.11.08
Sist oppdatert 13.09.2010