MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Informasjon om kulturskulen

Kven kan søkje på kulturskulen?
Kulturskulen er ein frivillig skule for alle; born, ungdom og vaksne.
Det krev ingen forkunnskapar, og det vert ikkje avlagt eksamen.

Kven vert teke opp som elevar?
Prioritering ved opptak er:
1. Elevar som har plass frå før
2. Elevar frå grunnskulen
3. Elevar frå vidaregåande skule
4. Vaksne
5. Søkjarar frå andre kommunar

Kor gamal bør eleven vere?
Eleven bør vere 7 år, dersom det ikkje er gruppeundervisning.

Instrumentutlån
Me har ein del instrument til utlån for dei som ikkje har instrument sjølve. Dette er gratis.
Det gjeld fele, keyboard, gitar, trekkspel og messingblåseinstrument.
Du tek kontakt med rektor eller læraren din på instrumentet for å leige instrument.
Det vert skrive ei leigeavtale.

Oppseiing av plass
For haustsemesteret må du sei opp plassen din skriftleg før 1.mai.
For vårhalvåret må du sei opp skriftleg før 1.november. Om du ikkje gjer det må du betale semesteravgifta for det halvåret og.
Det er ikkje faste skjema for dette, du skriv bare eit enkelt brev. Du treng ikkje grunngjeva kvifor du sluttar.

Kva kostar det å vere elev i Vinje kulturskule?

Sjå vedtekter for Vinje kulturskule (her)

Sist oppdatert 06.09.2011