Vinje kulturskule – tilbod
Her finn du ein oversikt over lærarane i Vinje kulturskule og kva for tilbod dei presenterar.
Det er lang venteliste på gitar, samspel og trommer, og man må rekne med eit par års ventetid før man får plass her.
Tony Raley
Har tangent- og messinginstrumenter, musikkteori, høre- og harmonilære som fagområder. Følgjar elevanes ynskjer og underviser i alt frå Bach til Beatles.
Utdanna ved Universitet i York (England)
Knut Mosand
Har jobba i Vinje musikkskule / kulturskule frå ca 1984. Underviser i korpsinstrument (messing blåsarar) og dirigerer for tida Rauland Musikkorps og Haukeli-Edland musikkorps. I tillegg undervisning på desse instrumenta: trekkspel, keyboard, piano og orgel.
Anders Blystad
Underviser i gitar, bass og samspel. Spelar alt i frå rock, jazz til klassisk og folkemusikk. Har studera folkemusikk ved høgskulen i Telemark, avdeling Rauland. Tilrettelegger undervisninga etter elevanes ynskjer.
Terje Chr. Hansen
Har vore tilsett som lærar i Vinje kulturskule sida 1991. Undervisar i hardingfele på alle nivå, og legger stor vekt på at elevane skal føle seg trygge i eigen tradisjon. Han har vore A-klassespeleman på hardingfele sida 1983, og som inspirasjonskjelde og læremeister vil han særleg nemne Eivind Mo frå Seljord.
Hillborg Romtveit
Nyttar lokalt stoff i kvedarundervisninga, for det meste gamalt, men lagar òg noko nytt, av og til i samarbeid med den enkelte elev. Legg vekt på at elevane skal kjenne til kjeldene, dei me har viser, stev og vers etter, og at dei lærer soger som høyrer til. Har i hovudsak enkelttimar, men samlar elevane for at dei skal øve på å formidle for kvarandre det dei har lært. Målsetjing: at elevane ved å lære om, og å lære å utøve sin eigen kultur, skal kjenne seg tryggare, rikare og sterkare. Ei plante med godt rotfeste stend stødt i vinden! Link til heimesida Tonearv.
Olve Nykos
Underviser i trommesett for spel med band og korps + enkel notelære. Standard og etterkvart meir avanserte trommerytmer og soloar + improvisasjonsspill. Muligheit for samspel. Tilrettelagt for kvar elev sitt ynskje (korps/band) Har sjølv erfaring frå korps og band.
Luke Tennant
Er ein engelskmann frå Bøgrend som undervisar på gitar, bass og samspel. Han er ein dyktig instrumentalist og songar med lang fartstid både som musikar og studioprodusent.
Montserrat Ontiveros
Har teaterundervisninga i kulturskulen. Ho er opphavleg frå Mexico og har mykje erfaringar frå teaterscena og frå filmverda som ho vil nytte i arbeidet sitt. Det er fokus på koreografi, improvisasjon og sceneopptreden, og det vil bli satt opp teaterstykkar både til jol og til våren.
Nina R. Svendsen
Har Musikk i Livets Begynnelse i Vinje.
Sist oppdatert 06.09.2011