Landbruksvikarordninga
Landbruksvikarordninga er ei kommunal ordning med ein viss del statleg refusjon.
Jan Rune Mandt er for tida tilsett i 2/3 stilling.
Akutt sjukdom hos brukar eller ektefelle/sambuar blir prioritert framfor anna avløysing.
Landbruksvikaren når du på tlf 91722906 eller du kan ringe 35062383.
I 2012 har landbruksvikaren slik fritid. I desse vekene vil det berre vera høve til å nytte landbruksvikaren til sjukdomsavløysing:
Veke 1: 2.-8.1.
Veke 5: 30.1.-5.2.
Veke 9: 27.2.-4.3.
Veke 13: 26.3-1.4.
Veke 17: 23.-29.4.
Veke 21: 21.-27.5.
Veke 25: 18.-24.6.
Veke 35:27.8.-2.9.
Veke 39: 24.-30.9.
Veke 44: 29.10.-4.11.
Veke 48: 26.11.-2.12.
Veke 52: 24.-30.12.
Faktura blir utsendt gjennom det vanlege kommunale faktureringssystemet og timesatsen er for 2012 fastsett til kr 160,00 + mva. Det er i tillegg vedteke å ta kr 100,- for kvart oppmøte. Det blir framleis ikkje kravd dekking av reiseutgifter. Timesatsen blir endra i budsjettet kvar år.
Utgiftene kan refunderast etter visse reglar som nemnt under avløysarordningane.
Andre samarbeidspartnarar for avløysarordningane
- Vest-Telemark Landbrukstenester, Dagleg leiar Valborg Lindgren, tlf. 35 94 38 49/99457416 Vest Telemark Landbrukstenester disponerer også eigne landbruksvikarar.
- Rekneskapskontora - desse har me fleire av i regionen.
Båe desse alternativa er gode å ha dersom ein treng hjelp med papirmølla i samband med dokumentasjon av avløysarutgifter.
Norske landbrukstenester
Sist oppdatert 18.01.2012