Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Jakt - Berunuten vest

Alle som stettar dei krava jaktlova set for å gå på storvilt jakt og som er fast busett i Vinje kommune kan søkje om jakt på rein og elg. Styret for eigedomen vil spesielt oppmode 16 - 17 åringane til å søkje. Kalvekorta vert trekte blant desse.

                   

 

                                                        

 Storvilt

  

Søknadsskjema for storviltjakta 2010 finner du her

 

Villrein jakt    Kvota for jakta hausten 2011 er sett til 5 000 dyr på Hardangervidda, jakttid 20.08 - 30.09.

Elg jakt         Jakttid, 25.09 – 30.11.

 

Det er kvart år langt fleire søkjarar til storviltjakt enn det er løyve, derfor er det innført eit poengsystem for å ordne køen av villrein søknader. Når det gjeld elg vert det kvart år trekt mellom alle som  søkjer.

 

Øvre Vinje driftsplanområde (gleld elg og hjort) fornya i 2009 sin bestandsplan, Berunuten vest er eitt jaktfelt i dette planområdet. 

 

 

 Klikk på logoen, så kjem du til årets villreinmeldigar frå Numedalsnett

 

Prisar storviltjakt:

Elg kalv kr 1 500,- inkl. fellingsavgift
Elg ungdyr kr 3 000,- inkl. fellingsavgift
Elg vaksen kr 4 500,- inkl. fellingsavgift
Villrein kalv kr    500,- inkl. fellingsavgift
Villrein    simle/ungdyr            kr 1 500,- inkl. fellingsavgift
Villrein fritt dyr kr 2 200,- inkl. fellingsavgift
                           

 

Småvilt

Alle som stettar dei krava jaktlova set for å gå på småviltjakt kan kjøpe jaktkort på eigedomen.

Dei siste haustane har det vore svært beskjeden bestand av rype på eigedomen.  Styret har tatt tak i dette, og på årsmøte
den 14. april 2011 blei dette bestemt:

 

  1. Start småviltjakt fredag 1. oktober, avslutt 28. februar.
  2. For støkkjakt vert det selt dags- og vekekort.
  3. Sal skjer via Inatur.
  4. Det vert selt maks 5 innanbygds- og 5 utanbygds kort/dag.
  5. Det er ingen begrensning på rev- og harejakta.
  6. Ikkje tillat med hund.
  7. Maks kvote 3 ryper/jeger/dag.  Kan ikkje samle opp ryper frå dag til dag.
  8. Pliktig innlevering av fangstrapport.
  9. Med småvilt meinast rype, hare og raudrev.

Prisar småviltjakt

 

Innanbygds Utanbygds
Dagskort kr 100,- Dagskort kr 200,-
Vekekort kr 400,- Vekekort kr 1 000,-

  

 

Jaktkort småvilt får du berre kjøpt på  INATUR .  Dette er tilgjengeleg på Inatur frå 1. juli 2011. 

Kart over Berunuten

 

 

Styret for Berunuten vest

Sist oppdatert 13.09.2011