SMÅNYTT FRÅ BERUNUTEN
Onsdag 18.08.10
Villreinjakta nærmar seg med stormskritt. Jaktstart er fredag 20. august. Kommunejegerane har denne hausten 22 dyr, av dette 5 frie - 13 simle/ungdyr - 4 kalvar. Kalvekorta er også i haust tildelt 16-17 åringane som søkjer jakt.
Vasstanden i Songa var måndag 16. august på høgdekote 964,4 moh, det vil sei at du kjem inn til Fjarefit med båt. Det er ikkje meir vatn i Songa enn det må, så kommunen oppmodar jegerane om å taka det med ro innover, spesielt frå Berunuten og nordover. Her kan vera skjer rett i vasskorpa !!!!!
Elgjakta startar 25. september på Berunuten, me har i år to løyve på eigedomen.
Det blir ikkje opna for småviltjakt før 1. oktober, dette pga lite fugl i fjellet. Ynskjer du kort, gå inn på www.inatur.no.
Måndag 21.06.10
Sommersesongen er igang. Vannstanden i Songa ligg på 958 - 959 moh. På denne vannstanden kjem du inn til Lusteinkjyrkja med båt.
Det vil også denne sommaren vere vedlikehaldsarbeid på Fougnerhytta, slik at denne fortsatt vil vere stengt.
Småviltjakta startar 1. oktober. Det blir opna for kjøp av kort frå 1. juli. Sal av småviltjaktkort skjer gjennom portalen www.inatur.no
Det har i år vært totalt 231 søkjarar på storviltjakt på eigedomen. Trekking blir foretatt i veke 26 og alle søkjarar vil få eige brev når fellingsløyva er fordelte. Kvota for villrein vil mest truleg bli 22 dyr og kvota for elg er fastsett til 2 dyr.
Måndag 03.05.10
Vintersesongen er over. Vil du nå inn på eigedomen må du finne fram skia, og benytte deg av skareføret ein tidleg morgon. Når det gjelder bruk av båt, må vi nok vente til tidleg juni før dette let seg gjere.
I sommar vil Fougnerhytta framleis vere stengt pga av oppussing, men det kjem til å bli ei kjempehytte når denne blir ferdig.
Bamsebuhytta har fått litt etterlengta vedlikehald i haust og vinter. Gangen er kledd både utvendig og innvendig. Nye senger og madrasser er montert. Ved mykje folk på hytta går det no også å sove i gangen.
Styret har vedtatt å starte småviltjakta 1. oktover også i 2010. Sjå meir under jakt.
Utlysing av storviltjakt vil skje i løpet av tidleg mai.
Måndag 24.08.09
Villreinjakta er i gang og det har vore dyr på Berunuten dei fyrste dagane i jakta. Kommunejegerane har i år 17 dyr, av dette 5 frie - 7 simle/ungdyr - 5 kalvar. Kalvekorta er også i år tildelt 16-17 åringane som søkjer jakt.
Vannstanden i Songa er god, og det er ikke noe problem med båttransporten.
Småviltjakta på Berunuten starter i år torsdag 1. oktober. Ynskjer du kort gå inn på www.inatur.no
Fredag 12.06.09
Vannstanden i Songa er 960,5 moh. På denne vannstanden kjem du forbi Lustein, men ikkje heilt inn til Fjarefit. For å kome heilt inn til Fjarefit med båt må vatnet vere på 964 moh.
Med den vannstanden som no er i Songa ligger vi 14 dagar tidlegare enn i fjor.
Fredag 29.05.09
Delar av sommersesongen kan allerede starte no på Berunuten vest! Pr i dag er det fullt mogleg å komme inn til Songadammen og til Trolldalsdammen med bil. På det gamle båtutsettet på Trolldal går vannstanden opp på støypekanten, så det er enkelt å sette ut båt.
Kor langt inn du kjem med båt er noko uvisst, men truleg kjem du inn til Smerheller. Hugs! Vær for forsiktig, her er mange skjer og grunnar du kan støte på, på så lågt vatn!
Ha ein fin vårtur i Songaområdet dei nærmaste dagane!
Skal du fiske, hugs fiskekort!
Torsdag 07.05.09
Vintersesongen er definitivt over. Det har vore ein fin vinter med mykje bra ver i fjellet. Skuterføret gjekk fort på slutten så vi fekk ikkje fullført alt som skulle vert gjort på hyttene, men det får vi ta igjen seinare.
Styret for eigedomen har hatt årsmøte, i år på Smerheller den 31. mars. Arbeid med Fougnerhytta vert prioritert det komande året ved sidan av generelt vedlikehald på hyttene. På grunn av lite rype i fjellet dei siste åra, vert småviltjakta no endra. Sjå meir om dette på jaktsida.
Går snøsmeltinga som normalt vonar vi sommersesongen startar rundt 20. juni!
Måndag 05.01.2009
VELKOMEN ALLE SAMAN TIL EITT NYTT ÅR PÅ BERUNUTEN VEST!
Skuterløypa inn til Fjarefit hytta er no stikka og opna for bruk. Dette gjeld for dei med løyve og er medlem i ein av skuterklubbane i Vinje.
Det meldes om svært lite rype i fjellet!
Fredag 14.11.08
Sjå resultata frå villreinjakta på Hardangervidda her: www.villreinen.no
Torsdag 16.10.08
Resultat frå villreinjakta:
| Bukk |
Simle |
1,5 årig simle |
Bukkekalv |
| 3 |
3 |
1 |
1 |
Med ei kvote på 18 og ei felling på 8 ,gjev dette ei felling på 47 %.
5 av dyra vart felte på andre vald!
Ut i frå tala og kor dei er felte må ein vel sei at jakta på Berunuten har vore dårleg denne hausten. Det var dyr på eigedomen i starten på jakta og heilt på slutten av jakta, det var om å gjere å vere der på desse tidspunkta!
Torsdag 02.10.08
Husk innlevering av kontrollkorta så raskt som mogleg! Dette gjeld både brukte og ubrukte kort. Korta skal leverast til Vinje kommune, Næringskontoret. Siste frist for innlevering er 5. oktober.
Tysdag 30.09.08
Villrein:
Siste dag i villreinjakta 2008! Ei dårleg jakt vil mange sei, men det gjeld å vere tolmodig! Det har vore mykje dyr på eigedomen dei siste dagane, så me vonar du var der da....
Rype:
Jakta starta 15. september. Det har til tider vore mykje jegere, men svært lite fugl å sjå! Det må truleg gjerast noko med tal jegere dei neste åra, men dette er ei sak for styret.
Hyttene:
Det kjem tilbakemeldingar om at folk ikkje skriv seg inn i hytteprotokollane når dei kjem på hytta! Gløymer dei å betale også! Ver klar over at alt som kjem inn av pengar på utleige av eigedomen vert nytta til bygging og vedlikehald på eigedomen! Det kostar å drive ein eigedom høgt til fjells, så me vonar brukarane av eigedomen ser at noko vert gjort på Berunuten, og stør opp om dette!
Onsdag 27.08.08
Villreinjakta er godt igang. Det meldes om lite dyr på eigedomen til no, men jegere ver tolmodige! Dyra kjem ein eller annan gong i løpet av jakta..! Kommunen har i år 17 jegere på eigedomen.
Her står reinen
Måndag 14.07.08
Vannstanden er no omlag 965 moh, og du kjem dermed heilt inn til Fjarefit med båt.
Oppsynsmann, Knut Henriksen, held no på med Fougnerhytta (ny hytta på Berunuten). Grunnmuren er ferdig stabilisert, og arbeidet innvendig vil bli starta opp.
Fredag 04.07.08
Vannstanden i Songa er no 963,5 moh. Ein kjem framleis ikkje helt inn til Fjarefit med båt, men på høgde 964 moh gjer du det!
Måndag 30.06.08
Storviltjakta på Berunuten er no trekt.
Sjå listene her
Onsdag 25.06.08
Vannstanden i Songa er no omlag 960 moh. På denne vannstanden kjem du forbi Lustein med båt, men ikkje heilt inn til Fjarefit. Ver merksam på at det dukkar opp nye skjer og grunnar heile tida!
NB! Skal du nytte Berunuten sine hytter, hugs å skriv deg inn i besøksprotokollen på hytta når du kjem, og gjer opp for deg ved avreise!
GOD TUR TIL FJELLS!
Sist oppdatert 13.09.2010