Transportløyve
Innehavar av slikt løyve har generelt løyve til å utføre transportoppdrag til hytter og transport i samband med isfiske på Totak, Møsvatn og Songa, i heile det området som løyvet gjeld for.
Slike løyve medfører også ei plikt til å ta dei transport oppdrag som det er spørsmål etter. Transportløyva vert gjeve for eit år om gongen. Frist for å søkje om transportløyve skal annonserast i god tid kvar haust.
Planutvalet handsamar søknader om transportløyve samla. Rapportering frå året før, saman med vurdering av søknadene i høve til trongen for transportløyve, skal leggjast til grunn ved handsaming av søknader.
Vinje kommune er delt i tre transportområde:
1 Edland – Haukelid
2 Åmot/Vinje – Øyfjell
3 Rauland – Møsstrond
I hovudsak skal ein halde seg til eige løyveområde, men når det er naturleg kan ein løyvehavar òg køyre i dei andre sonene.
Alle innehavarar av transportløyve er pliktige til å gje tlf. nr. for kontakt til tenestetorg i kommunen, samt turistinformasjon.
Alle som har transportløyve skal seinast den 15. juni kvart år sende kommunen ein rapport. Denne skal innehalde datoar for oppdrag, og kva som var startpunkt og mål for kvar transport. Manglande rapportering vil føre til inndraging av løyvet og redusera moglegheit for å få løyve ved nye tildelingar.
All bruk av transportløyvet føreset at ein kan vise til eit konkret transportoppdrag ved ein eventuell kontroll.
Transportløyve kan berre gjevast til fastbuande i Vinje kommune.
§ 1.2 b) gjeld ikkje for transportløyve etter § 7.
Sist oppdatert 02.01.2012