MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Når og korleis vert eg kvitt avfallet?

Renovasjonsbilen kjører fast rute i henhold til kjørekalenderen.

Alle abonnentar skal få renovasjonskalender for gjeldande periode tilsendt.

For standardabonnentar er det levering av restavfall annenkvar veke. For miniabonnentar er det levering kvar 4. uke.

For meir informasjon kan du gå inn på Renovest sine nettsider.

Gratisordninga vart oppretta for å gjeva rom for eit ekstra tilbod til alle husstander og fritidshytter om å få levere forbruksavfall inntil 300 kg. i året utan å betale.
Fram til no har ordninga blitt romsamt handtera og har ført til at mange trur at alt er gratis.

Frå 1. januar 2005 vil fygjande gjelde for ordninga:
- Ei levering inntil 300 kg. hushadlningsavfall pr. år pr. abonnement. Dette kan delast opp i inntil 3 leveringar à 100 kg.

OBS! Hushaldningsabonnentar må bringe med gratissedel som fylgjer avfallskalenderen. Hytteabonnentar må melde ifrå til betjening, som kryssar av i eigen journal.

Gratisordninga omfattar:
- 300 kg. avfall, maks 3 leveringar
- Alle typer avfall vi tek imot

Kva er gratis uansett:
- Alt elektrisk utstyr
- Bildekk utan felg (ikkje frå næring)
- Spesialavfall (ikkje frå næring)
- PCB-glas / termopanglas produsera frå 1965-75
- Papir/papp/hushaldningsplast
- Glas/småmetall (hermetikboksar o.l. ikkje målingspann)

Hovdestadmoen, som er sorteringsstasjon i Vinje , er open kvar onsdag frå
kl. 14.00 – 19.00.

Sist oppdatert 30.11.2010