Når kan eg sleppe å betale hytterenovasjon?
I forskrift for renovasjon for Renovest - området står det fylgjande i §21:
§ 21 Hytter.
A) Hytter med høg standard vil ikkje få redusera sats.
B) Skogshusvære og stølsbuer som berre vert nytta til føremålet dei er bygd for,
er generelt unntatt denne forskrifta.
C) Fritidseigedomar som pga lokalisering normalt vil levere svært små
avfallsmengder til avfallsanlegget, kan etter søknad og konkret vurdering
få redusera hyttegebyr.
I vurderinga vil det m.a. bli lagt vekt på:
1) Abonnent som må køyre ein omveg på meir enn til hyttecontainerplass.
2) Eigedom utan køyreveg, men gangavstand > til vinterparkering.
D) Hytter som er heilt ute av bruk kan søkje om fritak.
§21 D) Betyr at dersom du har ei hytte som er heilt ute av bruk så kan du etter
godkjent søknad sleppe renovasjonsavgift. Heilt ute av bruk vil seie at
hytta korkje skal nyttast til overnatting eller dagsturar.
Sist oppdatert 30.11.2010