Beverbestanden i Vinje
Tilgjengeleg beverhabitat i Vinje er 1098 km2, det same som teljande elgterreng. Forvaltningsplanen konkluderte i 2001 med at det er 48 aktive beverkoloniar i kommunen og dette tilsvarar om lag 192 individ. Dette gjev ein tettleik på 0,04 aktive koloniar pr km2, noko som er svært lågt.
På bakgrunn av takseringa er ei årleg kvote på 48 dyr vurdert som forsvarleg i Vinje. Dette tilsvarar eit uttak på eit dyr pr. koloni.
Jakttrykket har i alle år vore lågt i kommunen. Bever er ein ressurs som vi bør taka betre vare på og kommunen vil derfor oppfordre grunneigarane om å nytte denne ressursen betre.
Sjå forvaltningsplanen her.
Sist oppdatert 18.07.2007