Rehabiliteringsteam
Rehabiliteringsarbeidet i Vinje kommune
Vinje kommune har vedteke ein rehabiliteringsplan som gjeld til 2010. Denne planen seier korleis rehabiliteringsarbeidet i kommunen er organisert.
REHABILITERINGSTEAM
Teamet er sett saman av fagpersonar frå omsorg, helse- og sosial, ein i frå teamet er leiar.
Teamet har faste møte, tek i mot søknader om individuell plan og handsamar dei. Teamet har myndighet til å utpeke koordinator i alle aktuelle einingar, dette i samråd med brukaren. Dei ser også til at ei gruppe rundt brukaren kjem i gang, såkalla rehabiliteringsgruppe (tiidlegare ansvarsgruppe).
Adresse til teamet
Vinje kommune
Rehabiliteringsteamet v /rehabiliteringsleiar
3890 Vinje
REHABILITERINGSGRUPPE
Gruppa blir leia av ein koordinator og er sett saman av fagpersonar som står nær brukaren. Pårørande kan også vera medlemmer i gruppa. Desse personane har som oppgåve å utarbeide individuell plan, og syte for at aktuelle tiltak blir gjennomført. Rehabiliteringsgruppa vil i mange tilfelle vera lik den ” gamle” ansvarsgruppa.
Arbeidsreiskap i Vinje kommune sitt rehabiliteringsarbeid
I Vinje kommune har ein hittil bruka SINTEF Unimed sitt hefte om individuell plan. Ein planlegg å innføre elektronisk mal for individuell plan, noko som i starten vil medføre meirarbeid, men på sikt vil ein vinne på det, særleg om ein får til eit samarbeid med fleire kommunar i Vest- Telemark.
Nærare informasjon om individuell plan
Sist oppdatert 13.09.2010