MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Individuell plan

Kva er ein individuell plan?
Individuell plan (IP) er ein samordna og oversiktleg plan over dei tenester brukaren har behov for. Målgruppe er personar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Den som får planen har rett til å delta i arbeidet og ein skal leggje til rette for det.
Mottakaren får ein person som er ansvarleg for framdrifta i arbeidet, ein koordinator. Koordinatoren skal vera ein person som står nær brukaren i det daglege.

Kvifor individuell plan?
Ein individuell plan skal skape større tryggleik for den enkelte, sikre samordning og avklare ansvarsforhold slik at tenestane som brukaren mottek er i samsvar med eiga målsetjing.

Ansvar for utarbeiding av individuell plan
Alle som oppdagar ein brukar med varig samsette problem, har plikt til å få sett i gang arbeidet med individuell plan.

Retten til individuellplan er heimla i gjeldande lovar og forskrifter i sosialtenestelovapasientrettighetslova

  • kommunehelesetenestelova
  • spesalisthelsetenestelova
  • psykisk helsevernlov
  • forskrift om individuell plan

Samtykke
Ein individuell plan kan ikkje bli utarbeidd utan brukaren sitt samtykkje. Unntak frå denne retten er tvungen psykisk helsevern. Brukaren skriv under på samtykke saman med koordinator tidleg i planprosessen.

  

Sist oppdatert 13.09.2010