Vinje heimetenester
Frå 1. januar 2005 vart omsorgseiningane Vinje- og Rauland omsorgsdistrikt slått saman til den nye eininga Vinje heimetenester.
Vinje heimetenester har ansvaret for kommunen sine omsorgstenester utanfor institusjon.
Heimetenester er eit prioritert felt i Vinje kommune, og pr. dato har vi om lag 75 årsverk i eininga- 120 tilsette. Vi er den klart største eininga i kommunen med eit budsjett på om lag 33 millionar.
Tidlegare Rauland omsorgsdistrikt er no ei avdeling av Vinje heimetenester.
På Rauland er tenestene førebels dei same som dei var før samanslåinga, dvs.:
· Institusjonstilbod på Rauland bygdeheim
· Heimetenester
Dette endrast, i tråd med styringsdokument for omsorgstenester i Vinje kommune, i løpet av første halvår 2005. Då vert bygdeheimen heimla om til omsorgssenter, med omsorgsbustader med heildøgns- omsorg og pleie. Vi startar og opp eit dagtilbod med hovudmålgruppa aldersdemente, og i tillegg legg vi opp til natteneste på Rauland.
Tidlegare Vinje omsorgsdistrikt er ikkje endra når det gjeld tenester etter samanslåinga med Rauland omsorgsdistrikt.
Her er framleis to basar med heimetenester; øvre distrikt inkl. Norheimtunet omsorgssenter og ytre distrikt, som i tillegg til heimetenester har ansvaret for drifta av Grannestoga dagsenter for aldersdemente i Åmot.
Så har vi bustadene for funksjonshemma og psykisk utviklingshemma. Dette er bufellesskapa Reini, Vestli og Sandehus. Dagtilbodet til dei psykisk utviklingshemma, Vinje dagsenter, er og eit av våre tilbod.
Sist oppdatert 13.09.2010