Hjelpemiddel i Vinje kommune
Gjeld dei som ikkje bur på institusjon
Vinje omsorgsdistrikt har eit særleg ansvar i høve til å følgje opp innan dette feltet, men som det går fram av dette skrivet, så vil fleire einingar i kommunen kunne hjelpe i einskildsaker.
Korttidsutleige av hjelpemiddel
inje omsorgsdistrikt har hjelpemiddel til kortidsutleige. Lageret med desse hjelpemidla er på Vinje Helsesenter.
Ein kan leige hjelpemiddel ein kortare periode ved å vende seg til Vinje heimetenester - tlf. 35 06 23 00.
Leigepris er kr. 50,- pr. månad.
Døme på kva for hjelpemiddel vi har på lager
- Krykker/ispiggar
- Dusjstolar
- Dostolar
- Toalettforhøgar
- Sengeklossar
- Gripetang
- Manuelle rullestolar
Andre hjelpemiddel vil vi prøve å skaffe til korttidsutleige
Sist oppdatert 13.09.2010