Vinje kjøkkendrift
Vinje kjøkendrift, Vinje kommunes nye og moderne kjøkken, starta opp produksjonen
i september 2001.
I september 2001 tok Vinje kommune i bruk et nytt moderne produksjonskjøkken.
Kjøkenet er lokalisert i 2dre høgda på helsesenteret i Åmot. All middagsmaten til Vinje kommune sitt behov blir nå produsert her.
Vinje er delt i tre omsorgsdistrikt, Øvre Vinje med Norheimstunet, Rauland med Rauland Omsorgssenter og Åmot med Vinje sjukeheim. I tilegg heimebuande spredt utover heile kommunen. Alt i alt er det ca 100 eldre som får sin middag frå Vinje kjøkendrift kvar dag.
Vinje kjøkendrift sin målsetting:
- å tilby leveransar av ferske, velsmakande middagsretter av høg kvalitet, ernæringsmessig rett samansett, og så langt det er mogleg, i tråd med brukaranes behov og ynskje.
All varm mat blir produsert etter sous-vide, kok-kjøl eller hot-fill metoden, nye begrep for dei fleste, men nye produksjonsmetodar for å betre smak, kvalitet og haldbarheit på middagsmaten.
Maten blir levert kald i tilpassa forpakning til den enkelte avdeling, der maten slutt—behandlast??? Ei slik leveringsform gjer at kvar avdeling sjølv kan bestemme tidspunkt for middagsservering.
Vinje sjukeheim får levering kvar vekedag, på fredag og for laurdag/ sundag. Vinje kjøkendrift leverar og kaffikake, mjølk/kolonial til sjukeheimen.
Omsorgsavdelingane får levering på tysdag og fredag. På tysdag mat for onsdag, torsdag og fredag. På fredag for laurdag, sundag, måndag og tysdag.
Sjølv om maten blir produsert inntil 7 dagar før serveringsdagen gjær dei nye produksjon og pakkemetodane til at maten framstår som nylaga etter oppvarming.
Ved kjøkenet er det 4,6 stillingar, kjøkensjef Torgrim Thomassen, produksjonsleiar Arild Norvik, kokk Elin Kostveit, kokk Vidar Elgen og kjøkenassistent Asborg Kroken.
Kjøkenet har og lærling når det ligg til rette for det.
Ved kommunehuset og ved helsesenteret er det personalkantine der Vinje kjøkendrift serverar smørbrød, bagettar, kaker/lefse, yoghurt og enkle varmrettar. Kjøkenet leverar og møtemat til einingane og til politiske møter.
Kjøkenet driv og med litt ”catering” når ressursen strekk til.
Sist oppdatert 26.01.2012