Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Vinje sjukeheim

Vinje sjukeheim ligg i Åmot, og held til i 2. og 3. høgda på Vinje helsesenter. Sjukeheimen er ein helseinstitusjon, heimla i lov om helsetenesta i kommunane.

Sjukeheimen har 41 plassar.
Desse er for tida fordelt slik:
9 korttidsplassar - av desse er 3 sett av til rehabiliteringsopphald og 6 til ulike typer kottidsopphald
13 langtidsplassar tilrettelagt for senil demente, av desse er 7 i skjerma eining.
32 plassar for langtidsopphald
Sjukeheimen har 5 dagplassar for heimebuande med tilbod tre dagar i veka. 
I tillegg organiserer sjukeheimen dagtilbod for heimebuande demente med inntil 4 - 5 plassar 2 dagar i veka.

Bilete frå Sjukeheimen

Korttidsopphald
Avlastingsopphald
Dagopphald og nattopphald
Langtidsopphald
Demensteam

Sjukeheimen vart opna i 1976. I perioden 1998 til 2002 gjennomgjekk institusjonen omfattande modernisering, og framstår no som ein moderne institusjon der alle rom er einerom – med eige bad og toalett til kvart rom. Roma er mellom 15 og 25 kvm store.

Sjukeheimen har som mål å gje gode omsorgstenester til menneske som på grunn av sjukdom eller funksjonsvikt ikkje lenger kan bu i eigen heim. Vi tilbyr og opptrening og medisinsk behandling.

I Vinje kommune er det eit politisk vedteke mål å legge til rette for at folk skal kunne bu i eigen heim så lenge som råd. Det kan likevel vera situasjonar der ein har trong for andre tilbod i lengre eller kortare perioder. Sjukeheimen kan då vera eit alternativ.

Sjukeheimen har autoriserte fagfolk - sjukepleiar og hjelpepleiar /omsorgsarbeidar heile døgnet. Vi har og tilsynslege og fysioterapi knytt til sjukeheimen. Sjukeheimen satsar aktivt på kvalitetsutvikling. 

Vinje sjukeheim

 

Sist oppdatert 17.06.2011