Dag- og nattopphald
Sjukeheimen har fem dagplassar. Desse vert tildelte jf lov om helsetenester i kommunen.
Målet med å tilby dagopphald i institusjon, er å legge til rette for at ein skal kunne bu heime så lenge som råd, samstundes som ein får ivaretatt trongen sin for helsehjelp. Tilbodet vert gjeve i tilfelle der ikkje heimetenestene eller andre kan dekke behovet for hjelp.
Tildeling av nattopphald vert bruka i tilfelle der ikkje heimetenestene eller andre kan dekke behovet for hjelp nattestid. Det mest vanlege er å nytte nattopphald i ein periode for å avhjelpe ein situasjon, eller som ledd i tilbakeføring til heimen etter opphald på sjukeheimen.
I den perioden det er fatta vedtak for, vil ein då ha mogeleghet til å vera heime på dagtid, og tilbringe natta ved sjukeheimen.
Sist oppdatert 03.11.2010