Langtidsopphald
Eit langtidsopphald er eit tilbod til dei som ikkje kan bu heime eller i omsorgsbustad med oppfølging frå heimetenestene i kommunen.
Langtidsavdelinga ligger i 3. høgda på Helsesenteret i Åmot. Avdelinga er delt inn i grupper.
Vesleheimen
Skjerma eining for senil demente med uro. Gruppa har 7 plassar.
Furuly
Tilrettelagt avdeling for demente som ikkje treng skjerming i den grad Vesleheimen tilbyr, men er ei roleg og oversikteleg avdeling.
Gruppa har 6 plassar.
Midtstoga
Dette er ei vanleg somatisk sjukeheimsavdeling. Gruppa har 12 plassar.
I tillegg er det ei gruppe i 2. høgda som for tida nyttast som langtidsavdeling.
Solheim
Dette er ei vanleg somatisk sjukeheimsavdeling. Gruppa har 7 plassar. Målsettinga som avdelinga arbeider etter, finn du her
Når du kjem til avdelinga vil du få ein primærkontakt. Det er ein av dei tilsette i avdelinga, som har eit særskilt ansvar for å hjelpe deg til rette hjå oss.
Det er høve til å ta med seg personlege eigendelar for å skape ein heimsleg atmosfære på roma. Eigendelar som bebuarar tar med seg til Sjukeheimen skal registrerast i eige skjema.
Personlege eigendelar/verdisakar og lommepengar som blir tatt med til sjukeheimen og som bli oppbevart på romet, må brukar sjølv ta ansvar for ved eventuelt tap - kommunens forsikring dekkjer ikkje dette.
Det er lagt til rette for at ein kan installere telefon og tv på roma.
Når du får tilbod om langtidsopphald ved Sjukeheimen ynskjer vi at du
- Tek med toalettsaker.
- Merker kleda med merkepenn/ merkelapp.
- Det er ikkje naudsynt å ta med eiga medisinar, anna enn etter særleg avtale.
- Lommepengar – som vi låser inn for deg.
- Vedtak om langtidsplass vert fatta jf lov om helsetenester i kommunen.
- Søknader om langtidsopphald blir behandla i felles tiltaksmøte kvar 14. dag.
- Kor mykje du må betale vil variere, jf rundskriv I-47/98 frå Sosial og helsedepartementet)
- Informasjon om korleis du går fram for å søkje, finn du her
Sist oppdatert 03.11.2010