MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Søknadsprosedyre

Om du ynskjer å søke opphald ved Vinje sjukeheim, fyller du ut søknadsskjema

Er du ikkje i stand til å fylle ut skjemaet sjølv, kan du få nokon til å hjelpe deg med det, eller ta kontakt med tenesteapparatet i din del av kommunen.

Er du innlagt i sjukehus, vil sjukehuset hjelpe deg med dette, om dei meiner sjukeheimstilbod er det rette for deg.

Søknadsskjemaet skal sendast til Vinje kommune, Vinje sjukeheim, 3890 Vinje.

Når vi mottek søknaden registrerer vi denne, og tek kontakt med heimetenestene i den delen av kommunen du høyrer til, eventuelt med sjukehuset du er innlagt ved.

Søknad om opphald vert handsama i tiltaksmøte.
Tiltaksmøtet har fylgjande medlemmer:
·         Institusjonssjef - Kari Dalen
·         Heimetenestesjef - Alv Dag Brandal
·         Helsesjef - Ann Wraa
Andre aktuelle fagpersonar blir kalla inn etter behov.

Det er tiltaksmøte kvar tysdag kl 12.00.

Alle søknader vert handsama etter gjeldande lovverk for tenestene - elles gjeld vanlege forvaltningsmessige reglar.

Når det er fatta ei avgjerd, vil du motta svarbrev i posten.
Brevet – enkeltvedtaket – opplyser om retten til å klage på vedtaket.

Betaling for opphaldet.
Det blir kravt vederlag for opphald i sjukeheim  jamfør rundskriv I-47/98 og I-1/2011 frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Ved langtidsopphald vil vi innhente fullmakt til å gjera naudsynte berekningar i høve til økonomien din, for rett fastsetting av vederlaget.

Sist oppdatert 18.07.2011