Tenestegaranti
Mål for tenesta
Opphald i sjukeheimen skal gje tilpassa hjelp til brukar eller pårørande når tenestar i heimen ikkje lenger kan kompensere for helsesvikt.
Kven får tenesta
- Personar som på grunn av helsesvikt ikkje kan bu i eiga heim eller omsorgsbustad med tilrettelagte tenester
- Personar som treng opptrening eller trening for å vedlikehalde funksjon.
- Brukarar som treng omfattande sjukepleie utført av autorisert sjukepleiar fleire gonger i døgnet som ikkje heimetenestene kan gje tilstrekkeleg tilbod
- Pårørande som for kort eller lang tid treng avlastning frå omsorgsoppgåver dei har påteke seg, og der heimetenesta ikkje kan ivareta omsorgsbehovet.
Innhald i tenesta
- Opphald i sjukeheimen kan ha ulikt innhald og skal vere individuelt tilpassa
- Langtidsopphald
- Opphald over tid. Tilpassa hjelp til å ivareta grunnleggjande behov etter fagleg og individuell vurdering.
- Korttidsopphald
- Kan omfatte døgnopphald, dagopphald eller nattopphald.
- Form og lengde på opphaldet varierar ut frå omfanget av brukar si helsesvikt og målsetjing.
Kan vere:
• trening/opptrening
• utredning og behandling
• akutt trong for tilsyn og pleie
• omsorg ved livets slutt
• avlastningsopphald – tiltak for personar med særleg tungt omsorgsarbeide.
Sjukeheimen har tilsynslege og fysioterapeut knytt til drifta.
Kva kan brukarar forvente av oss:
• søknad om opphald vert handsama individuelt
• dei tilsette har teieplikt
• kvar brukar har sin kontaktperson blant personalet som kallast primærkontakt
• einerom med eige bad
• Brukar og pårørande skal informerast om eventuell flytjing/byting av rom
• Klage på tenesta skal takast alvorleg og undersøkjast. Dersom sjukeheimen har gjort feil vil vi gjere vårt beste for å unngå at same feil vert gjort på nytt.
• Gratis skyss ved undersøking og ev poliklinisk behandling ved sjukehus
• Gratis tannbehandling ved langtidsopphald
• Brukarar av korttidsopphald som har hatt heimesjukepleie over 3 månader har rett på naudsynt tannlegebehandling
• God og omsorgsfull pleie
Forventningar til brukar:
• At vi får informasjon om kven som er næraste pårørande, og om det er oppretta hjelpeverge.
• At det vert avklart kor mykje brukar ynskjer at vi skal informere pårørande om.
• At vi får informasjon om kven som skal ha post.
• At privattøy vert merkt
• Avklare ynskje i forhold til vask av privat tøy
• Dersom verdisaker/gjenstander vert tatt med til sjukeheimen må brukar sjølv ta ansvar for eventuelt tap.
Kommunen si forsikring dekkjer ikkje dette.
Sakshandsamingstid
Alle søknader/ henvendelsar vert handsama raskt, og seinast innan 3 veker.
Alle søkjarar får eit skrifteleg vedtak.
Høve til å klage
Du har rett til å klage på vedtak og tenester.
Informasjon om framgangsmåte står i brevet som følger vedtaket.
Informasjon og hjelp til å skrive klage kan tilsette på sjukeheimen hjelpe deg med.
Sist oppdatert 13.09.2010