Berekning av arbeidsgjevaravgift
For kvar oppgjersperiode for skattetrekk (termin) skal arbeidgjevar på eige initiativ berekne den arbeidgivaravgifta som han pliktar å betale, jf folketrygdlova § 24-3 fyrste ledd.
Ein viser her til Skattedirektoratet si forskrift av 1. desember 1997 nr 1383 om kvar arbeidsgjevaravgifta skal fastsetjast og innbetalast, og forskrift av 2. desember 1997 nr 1385 om berekning og oppgjer m.m. av arbeidgjevaravgift til folketrygda. Sjå rapportering og innbetaling.
Det skal ikkje gjerast frådrag i avgiftsgrunnlaget for eventuelt pensjonsinnskot, fagforeningskontingent, sjømannsfrådrag eller underhaldsfrådrag som går til frådrag ved berekning av skattetrekk.
Avgiftssoner og satsar blir fastsett kvart år av Stortinget. Noreg er frå 01.01.2007 inndelt i 7 ulike soner. Arbeidgjevaravgifta blir berekna etter kvar verksemda er registrert.
| Ordinær sats | Låg sats |
| Sone 1 |
14,1 |
|
| Sone 1a |
14,1 |
10,6 |
| Sone 2 |
10,6 |
|
Sone 3 |
6,4 |
|
| Sone 4 |
5,1 |
|
| Sone 4a |
7,9 |
|
| Sone 5 |
0 |
|
Sist oppdatert 10.09.2010