Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Ferie/feriepengar

Ferie: Lov om ferie av 29. april nr 21 1988 (ferielova) er ein lov med minimumsrettar, som fritt kan avvikast i arbeidstakaren sin favør.

Kor mykje ferie har ein krav på?

Alle arbeidstakarar har krav på 25 virkedagar ferie kvart år jf ferielova. Ettersom laurdagar er medrekna i verkedagane, er 6 verkedagar det same som ei veke. Arbeidstakarar har med andre ord krav på 4 veker + 1 dag ferie kvart kalenderar. Sundagar og heilagdagar (raude dagar) blir ikkje rekna som feriedagar.

Arbeidstakarar over 60 år (må ha fylt 60 år i løpet av august i ferieåret) har krav på 6 verkedagar - 1 veke - ekstra ferie.

Arbeidstakarar som arbeider deltid kan ikkje utan arbeidsgjevar sitt samtykke gjera ferien ekstra lang ved å krevje å få lagt feriefritida kun på dagar i arbeidsplanen sin.

Nærare informasjon om ferielovas bestemmelsar kan du få hjå Arbeidstilsynet.

 

Sist oppdatert 10.09.2010