Fristar og forfallsdatoar
Her finn du ein oversikt over forfallsdatoar for betaling og andre fristar, til dømes innsending av terminoppgåver.
Dei fleste fristar og forfall er ikkje fastsett av kommunekasseraren, men er bestemt i lov, eller fastsett av kommunestyret. I dei tilfella fristen eller forfallet er på ein laurdag, sundag, heilagdag eller offentleg høgtidsdag, blir fristen utsett til fyrste ordinære kvardag.
Ved for sein betaling kjem forseinkingsrenter i tillegg. Plikta til å betale renter er lovfesta.
Personlege skattytarar
:
Dette gjeld sjølvstendig næringsdrivande og lønsmottakarar som ikkje er undergjeve forskottstrekk.
Selskap
:
Dette gjeld aksjeselskap og andre som er fritekne for innbetaling av forskottsskatt og for å bli undergjeve forskottstrekk.
Arbeidsgjevarar
:
Dette gjeld fristar og forfall som har samanheng med at du har tilsette.
Kommunale avgifter
:
Dette gjeld renovasjon, vatn- og kloakk, feieavgift.
Betaling for kommunale tenestar
:
Dette gjeld husleige, barnehage, SFO og heimebaserte tenestar i pleie- og omsorg.
Sist oppdatert 10.09.2010