Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Øyfjell oppvekstsenter

Skulen:
Uteområdet er variert med gode høve for aking, ski, hopp, fotball, volleyball, sykkelløype, klatring og alle typer leik.

Tilpassa opplæring har vore satsingsområde i fleire år. ”Mange intelligensar” teorien til Howard Gardner og læringsstilar er basis for dette arbeidet. Skulen har  eigen plan for gjennomføring av tpo.

Satsingområde elles er sosial  læreplan , gjennomføring av språkplanen, entreprenørskap, IKT , lesing og , skriving.

Barnehagen:
treng nye og større lokale. Ny barnehage vert påbegynt i april 2010. Den nye vert bygd der den gamle ligg nå. Tomta er sørvendt og lun med gode høve for variert aktivitet Skog ,ljosløype og dyrka mark er rett utanfor døra. I barnehagen satsar me mykje på uteliv. Me har gapahuk og lavvo med omn og ”hotellstandard”. I byggetida vert  barnehagen i grendehuset. Elles er det planlegging av ny barnehage fro framtida  inne og ute, språk, entreprenørskap, og sosial kompetanse som er utviklingsområde.

Øyfjell er ei bygd med litt under 300 menneske. Eit prosjekt over tre år kalla 'Øyfjell City' har starta opp. Her er mange spennande tiltak som prøvebustad, og eit prosjekt for samarbeid med hyttefolket. Sjå meir om prosjektet og  bygda på Øyfjell.no.

Oppvekstsjef: Sindre Hestdalen

Tilsette: 11
Elevar skule: 21
Elevar SFO: 4
Barn i barnehage: 24

Tlf.    Tlf. 35 06 21 80 (skule)
         Tlf .35 06 21 85 (barnehage)

E-post

 Øyfjell skule

Ordensreglar 
Aktivitetar for elevane 
Organisering av skuledagen 
Plan for felles tiltak skule og barnehage 
Å be elvar fri 
Kvalitetsutvikling 
Kva gjer ein foreldrekontakt?

Ny heimeside 

 

Øyfjell barnehage