Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skulefritidsordninga

SFO skal vera eit omsorgs- og fritidstilbod utanom den vanlege skuledagen for barn i 1.- 4.klasse. Verksemda skal vera prega av leik og sosial læring.


Eigartilhøve og styring
Vinje kommune er eigar og drivar av SFO.

Skulesjef/oppvekstsjef på kvar skule er pedagogisk og administrativ leiar. Styringsorgana i skule/barnehage er styre for SFO.

Opningstider og feriar
SFO er open inntil 5 d/v i tida 07.30 – 16.30.

SFO fylgjer barnehageåret (stengt jole- og nyttårseftan samt dei 3 siste heile vekene i juli og 37,5 timar pr år som er sett av til planlegging og samarbeid for dei tilsette).

Barna skal ha 4 veker ferie pr år. 3 av desse vekene skal takast i samanheng.

Skulen kan samarbeide med barnehagen for å gje tilbod i feriane.

Talet på born
Minste tal på barn i SFO knytt til ein skule er 4, om SFO ligg i barnehagen, kan det vera færre.

Bemanning
Det skal vere 1 vaksen på 10 ungar.

Betaling
SFO blir driven med inntekter frå staten, kommunen og foreldra.

Betalinga blir kravd inn etterskotsvis for 10 månadar i året. Det skal betalast for heile dagar i feriane.

Dei som kjøper dagar i feriane, betalar etter rekning månaden etter.

Påmeldinga er bindande og dannar grunnlag for fakturering. Dei som kjøper enkelttimar/- dagar, betalar etter rekning kvar månad. Haust- og vinterferie er med i det vanlege tilbodet utan ekstra betaling (hugs påmelding).

Opptak SFO

Sist oppdatert 31.03.2011