Opptak
Søknadsfrist blir kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside i februar / mars.
Søknad sendast til Vinje kommune, 3890 Vinje.
Skulesjef/oppvekstsjef er ansvarleg for opptak.
Opptakskriterie (prioritert rekkjefylgje)
- Barn med funksjonshemming m.m. Krav om dokumentasjon skal leggjast ved søknaden.
- Barn av einslege foreldre i arbeid eller utdanning.
- Barn som har båe foreldra i arbeid eller utdanning.
- Dersom ikkje alle søkjarane kan få plass, får yngre barn plass framfor eldre.
Opptaksperiodar
-
Hovudopptak gjeld for eitt skuleår om gongen.
- Ved ledig kapasitet, kan SFO ta imot barn utanom dei som er fast påmelde.
- Foreldra avtalar dette seinast dagen før.
- Oppseiing av plass – skriftleg med 1 månads oppseiingstid.
Alternative tilbod for påmelding ( foreldrebetaling)
- Jf. vedtak i kommunestyret sak 144/00 (Budsjett 2001, økonomiplan 2001-2004), blir satsane for opphald i SFO auka frå 01.01.2001.
- Det blir innført betaling for morgontilbod og ferieopen skulefritidsordning.
- Då det no skal betalast for heile dagar i feriane, er påmelding for 11 mnd falle vekk.
- Frå 01.08.2003 blir alle opphaldssatsane auka med 10 %.
- For kjøpedag blir satsen auka til kr. 30 pr. time.
Sist oppdatert 10.09.2010