Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Tilskot til private vegar - føresegner

Ved tilskot til drift og vedlikehald til privat veg gjeld fylgjande:

1   Som veg reknast vegsystem frå offentleg veg med alle samlevegar og greiner som tener ein eller fleire bustader med fast heilårs busetnad.

2   Når det er fleire interesser enn ein husstand til vegen er det krav til veglag med føresegner godkjent av kommunen for utbetaling av  tilskot.

3   Veglag skal ha leiar, kasserar og eigen bankkonto. Tilskot vert betala til veglaget sin konto.

4   Eksisterande ordning med tilskot til ekstraordinær vøling fell bort. Veglaget må legge planar for dette.

5   Lengda på veg vert rekna med alle greiner til fast busetnad.

6   Lengda som vert grunnlag for tilskot vert redusera med 200 meter for kvar husstand. Lengda kan reduserast for anna industri, næring, kraftproduksjon og liknande med ei lenge som skal stå i høve til omfanget av tiltaket.

7. Kommunestyret vedtek kor stort tilskotet skal vere for kvar meter veg i samband med budsjett.

 

 

Sist oppdatert 07.03.2011