Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Opptur arbeid og helse

Opptur arbeid og helse er eit kurs i regi av Vinje Frisklivssentral og Avdeling for psykisk helse og rus. Målsettinga med kurset er tidleg innsats for å ta i bruk nye meistringsstrategiar, styrke arbeidsevne og førebygge langvarig sjukemelding.

Kurset, som blir gjennomførd i tett samarbeid med NAV, er organisert som 7 vekentlege gruppesamlingar a 3 timar over ein periode på totalt 11 veker. Dei 4 første samlingane utgjer bolk 1, med tema som motivasjon, verdiar, ressursar, informasjon frå NAV og å utarbeide personlege mål for arbeid. I løpet av dei neste 4 vekene får dei som ynskjer det, individuell oppfølging av ein av kursleiarane, for å iverksette tiltak for å oppnå sine mål.  Så møtest gruppa att i 3 veker for å dele erfaringar og støtte kvarandre i gjennomføring av eigen målsettingsplan. Kurset inneheld også fysisk aktivitet i form av turar og rørslegruppe, leia av fysioterapeut, basert på psykomotoriske prinsipp. Oppstart haust 2018 i veke 39.


Informasjon til deltakar

Informasjon til arbeidsgjevar og helsepersonell

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk