Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Regional plan for Hardangervidda - rullering

Planen for langsiktig arealforvaltning av Hardangervidda, som blei vedteke i 2011, skal no rulleras. Målet med planen er å gje villreinen gode levevilkår, og den skal leggje til rette for lokal nærings- og bygdeutvikling og friluftsliv.

Rulleringa skjer i samarbeid mellom dei tri fylkeskommunane, dei tri fylkesmennene, Villreinnemnda og dei ni kommunane som har areal på Hardangervidda.

Arbeidet skal byggje på gjeldande plan. Enkelte spørsmål til rulleringa blei definert allereie i sluttfasen av gjeldande plan og ein del nye planspørsmål har kome opp i perioden etter dette. Planprogrammet konkretiserar kva som skal takas opp i rulleringa. Dette er no til høyring.

Alle kan koma med innspel til planprogrammet. Sjå informasjon på www.regionalplan-hardangervidda.no.

Høyringsfrist er sett til 15. oktober.

Det endelege planprogrammet vil trulig bli vedteke i løpet av hausten. Etter dette startar arbeidet med sjølve rulleringa. Kommunane vil spele ei sentral rolle i denne prosessen.

Høyringsinnspel sendas til Buskerud fylkeskommune, postboks 3563, 3007 Drammen eller elektronisk til postmottak@bfk.no

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk