Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Mexico-foredrag

Juan Gutierrez held foredrag om Mexico på biblioteket i Åmot torsdag 11.mars kl.19:00

Torsdag 11. mars kl 19.00 har Juan Gutierrez foredrag om Mexico.

 Han vil ta oss med på ei reise rundt i landet og fortelje litt om Mexico sin litteratur, kultur og historie.

Mexico er eit stort land med mykje økologisk og kulturelt mangfold.  Frå ørkenar i nord til regnskog i sør, frå sandstrender langs den karibiske kysten, til fjella og vulkanane i det sentrale Mexico. Landet har også ein lang historie. 

 

Musikk, lyrikk, kunst og fotografi vil hjelpe med å gje ein oversikt over, og innsikt i dei rike kulturelle tradisjonane til dette landet.

Vi får også oppleve litt salsadans, samt små smaksprøver av meksikansk fingermat.

FRITT TILGJENGE!

  Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinje folkebibliotek og folkeakademiet i Vinje

  Helsing 
Vinje folkebibliotek