Trekking av premiar - trimordninga 2010
227 tilsette har fullført trimordninga til kommunen.
Tilsette som i tidsromet 17.08.2009 til 20.06.2010 har hatt minst 88 treningsøkter (gjennomsnittleg 2 treningsøkter pr veke) på minst 45 min kvar gong, får eit gåvekort på kr 1 000 / 500 etter stillingsstorleik. I tillegg er trimdeltakarane med på trekking av fine premiar, der 3 av premiane er sponsa av sportsbutikkane i kommunen.
Trekkinga av dei som vann premiar vart gjort av ordførar Arne Vinje og hovudtillitsvalt i Fagforbundet Liv Årlid, saman med organisasjonssjef Aud Groven.
1. premie - Gåvekort på kr 10 000 hjå Travelnet
Laila N Kostveit, Hakkespetta barnehage
2. premie - Sykkel til ein verdi av kr 10 000 levert av Sport 1 i Åmot
Ingunn Garvoll, Rauland skule
3. premie - Fjellstøvlar/tursko og teknisk allvêrsjakke til verdi kr 5 000 levert av MX-Sport Haukeli
Solveig Bjugn, Vinjeheimetenester
4. premie -Fjellskipakke til ein verdi av kr 4 000 levert av Rauland Fjellsport
Kristianne Thomassen, Rauland skule
 |
Laila N Kostveit, Marianne Heier frå MS Sport Haukeli, Solveig Bjugn, Toril Svalastoga frå Sport 1 i Åmot og Kjersti Torvetjønn frå Rauland Fjellsport.
Ingunn Garvoll og Kristianne Thomassen var ikkje til stades under overrekkinga av gevinstane.
|
 |
Marianne Heier frå MX Sport auhkeli, Toril Svalastoga frå Sport 1 i Åmot og Kjersti Torvetjønn frå Rauland Fjellsport.
|
Sist oppdatert 02.07.2010