Fjellregionsamarbeidet i Telemark
”Saman om fjellregionen - Telemark” - lokalt/regionalt fjellregionsamarbeid
Sida 2002 har Vinje og Tinn kommunar, saman med Telemark Fylkeskommune, arbeidd systematisk med næringsutviklingi fjellregionen i Telemark. Arbeidet er tufta på trua om at vi i vår fjellregionen må samarbeide med andre om utvikling av felles strategiar og tiltak for at vi skal oppnå bærekraftig utvikling i vårt område.
Vi har mange prosjekt/tiltak innan småsamfunnsutvikling, bruk og vern av nasjonalparken og randsonene og utvikling av produkt frå fjellregionen. Desse er no knytt til det nasjonale/internasjonale samarbeidet. Slik får vi tilgang på kompetanse, økonomiske ressursar utover det kommunale og moglegheit for erfaringsutveksling.
” Saman om fjellregionen - Telemark” er eit nettverks - og koordineringsprosjekt.
Formålet er å få til samhandling både mellom dei pågåande prosjekta/tiltaka og mellom kommunale/fylkeskommunale planar og prosjekt, slik at vi får optimal effekt i fjelltelemark.
I fjellregionnettverket i Telemark er det både prosjektleiarar, sakshandsamarar både kommunalt og regionalt og fagpersonar med ulik kompetanse.
Sist oppdatert 10.09.2010