MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Ambulerande audiograf

Sjukehuset Telemark, Høyrselssentralen, Vest-Telemark kommunane, Kragerø og Drangedal har gått saman om eit eittårig prosjekt med ambulerande audiograf ein dag i månaden i kvar av kommunane. Tilbodet starta opp i januar. Audiografen held til på helse- og omsorgsentra.

Målet er at kommunane skal få større tilgang til Hørselssentralens tenester. Lange avstandar og mange reiser til sykehusa i Telemark gjer at mange, særleg eldre, ikkje har eit godt tilbod om høyreapparat. Ein ynskjer difor å prøve ut prosjektet i eit år med  ambulerande audiograftenester, som møter brukaren der han/ho bur.  Brukarar eller tilsette i kommunen må ta kontakt med lokal høyrselskontakt i sin kommune. Høyrselkontakten bestiller time for vedkommande brukar.

Det vil bli mogleg å få utført:   

  • generell bruk og stell av høyreapparat

  • søking av tekniske hjelpemiddel

  • audiogram, avtrykk til propp samt tilpassing og oppfylging av høyreapparat.

  • nytt høyreapparat for tidlegare brukarar

  • henvise til øyre-nese-halsspesialist for nye brukarar

  • siste time: service for enkle reparasjonar av høyreapparat

Vest-Telemark får audiograf frå ST  

Sissel Jacobsen Bitustøyl 
Samhandlingskoordinator for STHF og VT-kommunane 
tlf 908 46 178 
e-post: sissel.bitustoyl@vinje.kommune.no

Sist oppdatert 19.05.2011