MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Fastlegeforum

Dei 6 Vest-Telemarkkommunane har om lag 16 legeheimlar, i tillegg kjem turnuslegane. Det har tradisjonelt vore lite samarbeid på tvers av kommunane mellom legane. Unntaket er mellom kommunane som har felles legevaktsamarbeid. Det fans eit fora på 80-talet, men sidan har det ikkje vore noko formelt samarbeid. På idèdugnaden ved oppstarten av Samhandling for Vest-Telemark, kom det ynskje om å starte opp eit fastlegeforum i regionen.  

Fastlegeforumet starta så opp i januar 2011. Møta blir leida av kommunelege Elisabeth Swensen i Seljord og samhandlingskoordinator Sissel Jacobsen Bitustøyl legg til rette møta og fungerar som sekretær.  

I fastlegeforum kan ein diskutere felles problemstilling og utfordringar innan sitt fagfelt. Legane er sentrale aktørar og innleggande instans til sjukehusa. Det er difor viktig at ein saman kan sjå på kva slags opplæring og samarbeid ein kan få til med spesialisthelsetenesta.  

Sist oppdatert 16.06.2011