Felles organisering av jordmortenesta i Vest-Telemark
Nasjonale føringar:
1. Stortingsmelding 12 (2008-2009) ”En gledelig begivenhet” har som mål at gravide, fødande og familien skal oppleve ein heilskapeleg og samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg. Melding kjem med framlegg til framtidig organisering og struktur i barselomsorg i primær- og spesialisthelsetenesta og kvalifisert følgjeteneste for gravide med lang reiseveg til fødestad (1,5 time).
2. Stortingmelding 47 – Samhandlingsreforma - legg òg sterke føringar på ein heilskapleg og samanhengande teneste.
3. ”Et trygd fødetilbod” – kvalitetskrav til fødeinstitusjonar frå helsetilsynet
4. Helsedirektoratet går inn for ei styrking av den kommunale jordmortenesta og anbefaler å samle tenestetilbodet i eit geografisk område: ”Regelen bør være at ingen jordmor alene utgjør en jordmorteneste”
5. Sjukehusa har frå 1. januar 2010 teke over ansvaret for følgjetenesta for gravide. Det inneber at Sjukehuset Telemark HF har ansvaret for ambulansetenesta, men kommunane framleis har ansvar for jordmor (den som skal følgje pasienten).
Samarbeid i Vest-Telemark og Tinn
Det er naudsynt med eit samarbeid mellom kommunane og sjukehuset for å få ein beredskap på plass – som ei framtidig løysing.
Fylket har ein fødestad, Sjukehuset Telemark HF avd. Skien. Dette betyr lange avstandar til fødestad for mange kvinner i Vest-Telemark. Dagens beredskapsordning i Vest-Telemark tilfredsstiller ikkje dei faglege og administrative krava til ein god beredskapsordning.
Vest- Telemarkkommuane har gått saman med Tinn kommune og prosjektet ”Jordmor der mor bor”, og skal saman sjå på ulike modeller for samarbeid mellom kommunane og STHF, for å få til ei god og framtidsretta jordmorteneste i kommunane. Prosjektet skal sjå på organisering av jordmortenesta i kommunane for vaktberedskap, svangerskaps- og barselomsorg, rekruttering, opplæring og hospitering.
Helsedirektoratet går inn for ei styrking av den kommunale jordmortenesta og anbefaler å samle tenestetilbodet i eit geografisk område. ”Regelen bør være at ingen jordmor alene utgjør en jordmorteneste”. Å samle delar av jordmortenesta i eit interkommunalt vaktsamarbeid i Vest-Telemark, vil vere eit stort skritt vidare i denne retninga. Det vil også vere gunstig for framtidig rekruttering av jordmødrer til slike stillingar (forutsigbar arbeidstid og vaktbelastning).
Ein barsel- og beredskapsklinikk i Vest-Telemark
Jordmødrene i Vest-Telemark har lenge hatt eit ynskje om å få til eit samarbeid. Ein ser no ein moglegheit for dette i samarbeid med Sykehuset Telemark. Jordmødrene har vore på synfaring til jordmorsamarbeidet i Otta, som har eksistert i nokre år og er eit samarbeid mellom 6 kommunar. Jordmødrene og innbyggjarane der er svært nøgde med denne ordninga, der ein kan få kontakt med jordmor til alle døgnets tider. Ein ynskjer no å prøve ut eit eittårig prosjekt i Vest-Telemark som kan danne grunnlag for eit eventuelt vidare samarbeid.
Å få til ein felles beredskap med Tinn, ser ein på som vanskeleg på grunn av feil køyrevegar. Men felles faglege samlingar og kurs er ein allereie i gang med.
Sjukehuset Telemark har ledige lokale på DPS i Seljord. Etter nedlegging av fødeavdelinga i Tinn, så skal ”alle” fødande frå Vest-Telemark gjennom Seljord for å koma til Skien (unnateke Nissedal). Ein tenkjer seg ein ”barsels – og beredskapspoliklinikk” for fødande og for mødre og barn dei fyrste dagane etter fødsel.
Fylgjeberedskap
Ved behov for fylgje av jordmor til sjukehuset vil det alltid vera jordmor til stades. I akutte tilfelle vil jordmor koma ambulanse i møte. Dersom den gravide er utrygg på om fødselen er i gang, kan ein kontakte jordmor. Jordmor kan òg undersøkje vedkommande på veg til sjukehuset. Dersom det framleis er tidleg, kan ein få vera på klinikken eller også overnatte der. Jordmor vil då kunne fylgje med på utviklinga – og ein vil kunne hindre ”bomturar” til Skien, der ein må reise heim att.
Barselsomsorg
Kommunejordmødrene vil få eit meiransvar for barselsomsorga (nye forskrifter). Erfaringsmessig er det behov for ein stad å vende seg til dei fyrste dagane etter heimkomst frå barselavdelinga (liggjetid 2 døgn). Det kan vera spørsmål om amming, tette mjølkegangar osb. Ofte held det å få snakke med jordmor og få råd på telefon, andre gonger kan det vera behov for å få "direkte" hjelp. Ved ein slik organisering vil det alltid vera jordmor tilgjengelig til å yte hjelp også i barselstida.
Svangerskapskontroll
Kvar kommune skal framleis ha svangerskapskontrollane med den lokale jordmora i heimkommunen. Men ein kan ikkje rekne med alltid å treffe ”sin” jordmor på vakt når ein vender seg til klinikken – i same grad som ein ikkje alltid kan vente å treffe ”fastlegen sin” på legevakt.
Innhaldet i ”klinikken” kan vera:
1. Tilgang til jordmor 24 timar i døgnet (telefonar og konsultasjonar ved behov)
2. Fylgjeberedskap (fylgje den fødande i ambulansen ved ”hastverk”). Jordmor skal koma ambulansen i møte ved behov.
3. Barselsomsorg: Nyutskrivne kan ta kontakt med jordmor. Klinikken bør difor òg ta i mot timar på dagtid knytt opp mot barselomsorg.
4. Obligatorisk hospitering for jordmødrene 1-2 veker på føde-/barselsavdelinga på sjukehuset, der sjukehuset dekkjer opp for vakta med sine jordmødrer (gjensidig hospitering)
5. Sjukehuset deltek i svangerskapskurs og temakveldar både for jordmødrer og dei gravide
6. Barnelegar, gynekologar og spesialistar frå sjukehuset kan ha undervising for gravide (levevaner og kosthald)
Fordelar ved felles drift
Ein jordmorberedskap for framtida:
- Auke tryggleik i fødesituasjonen
- Tettare samarbeid med fødeavdelinga på sjukehuset
- Større fagmiljø for jordmødrene
- Lettare å rekruttere jordmødrer
- Forutsigbar arbeidstid for jordmor
- Fagleg oppdatering (auke kompetanse)
ST får ansvar for følgeteneste for gravide
Sissel Jacobsen Bitustøyl
Samhandlingskoordinator for STHF og VT-kommunane
tlf 908 46 178
e-post: sissel.bitustoyl@vinje.kommune.no
Sist oppdatert 19.05.2011