Lokal kompetanseoppbygging
I Vest-Telemark har vi innhenta tal og arbeidd mykje med statistikkar med tanke på kommunane sin bruk av sjukehustenester. Saman med statistikkar og kunnskap frå eigne kommunar begynner ein å få god oversikt over bruken av sjukehustenester.
Den syner kva slags diagnosar som blir innlagt frå våre kommunar. Statistikkane syner at ein nyttar sjukehusa i mindre grad enn dei store bykommunane, då ein har godt utbygde tenester for eldre og innbyggjarar elles.
Oppbygging av kompetanse lokalt gjer kommunane meir rusta til å fortsetje denne utviklinga, og på denne måten ivareta brukarane sine behov for kvalitativt gode tenester lokalt og nytte sjukehusa sine tenester mindre. Ein ser potensiale særleg innan primær - og sekundær førebygging for kronikargruppene. For desse gruppene vil det vera av stor betyding å få gode tenester lokalt. Skal ein halde fram utviklinga med å redusere innleggingar ytterlegare, bør ein ha fokus på å skape trygge helsearbeidarar.
I vest-Telemark ynskjer ein å satse på oppbygging av kompetanse lokalt og på ”tvers” av kommunane. Sjølv om avstandar kommunane i mellom og til sjukehus er lang, ynskjer ein likevel å tenkje felles undervisning for fagpersonar i kommunane. Då er det mogleg å få til faglege nettverk og fagmiljø i dei små kommunane og ein meir robust region.
Ein ynskjer å prøve ut e-læring, videokonferanseundervisning, fellessamlingar og hospitering på sjukehus i samarbeid med sjukehusa og fagskulane.
Hospitering er ein viktig måte å byggje kompetanse på. I tillegg får ein kunnskap om kvarandre og ein kan byggje nettverk, slik at ein får til heilskaplege behandlingsløp. Kommunetilsette vil også bli oppdatert på nyare metodar for behandling.
Metodane gjer tverrfagleg opplæring mogleg, ved at ein kan samle ulike faggrupper som skal arbeide med brukarar innanfor ein diagnosegruppe. Økonomisk vil dette vera meir gunstig for kommunane i staden for lange reiser og mange timar med fråver av fagpersonar. Då vil sjansane for å få med fleire tilsette i kommunane vera mykje større.
Ein er no i dialog med ulike fagmiljø, skular og sjukehuset om å byggje opp kompetansepakker. Ein har òg søkt eksterne prosjektmidlar. Ein rekane med å sette ned ei prosjektgruppe i løpet av junimånad, slik at ein kan arbeide vidare med innhaldet i kompetansepakkene.
Sist oppdatert 19.05.2011