Prosjektet i Vest-Telemark
Prosjektets varigheit er 2 år. Prosjektet skal sjå på ulike samarbeidsformer på tvers av kommunane i Vest-Telemark og Sjukehuset Telemark HF. Det skal gjennomførast og byggjast fram konkrete samarbeidsprosjekt i tråd med føringar i Samhandlingsreforma og med pasienten/brukaren i sentrum. Samarbeidet kan vera mellom STHF og ein, fleire eller alle kommunane. Det kan òg berre vera samarbeid kommunane i mellom.
Prosjektet er finansiert gjennom Vest-Telemarkrådet og Sjukehuset Telemark HF.
Det er oppretta ein eigen styringsgruppe og arbeidsgruppe for prosjektet.
Styringsgruppa:
Består av rådmenn frå alle kommunane, sjukehusdirektør og tillitsvalde. Skal syte for naudsynte vedtak innafor overordna rammer, for informasjon og forankring i eigen organisasjon og sikre ein hensiktsmessig organisering og bemanning av de konkrete tiltaka i samhandlingsprosjekta.
Arne Rui, direktør for Sykehuset Telemark HF
Siv Skogheim, tillitsvald frå Fagforbundet, Tokke kommune
Arild Standal, tillitsvald frå SF, Rjukan Sjukehus
Hans Kristian Lehmann, rådmann Vinje kommune
Per Dehli, rådmann Seljord kommune
Hans Bakke, rådmann Kviteseid kommune
Therese Hauger, Tokke kommune
Sverre Sæther, rådmann Nissedal kommune
Ketil Kiland, Fyresdal kommune
Sissel Jacobsen Bitustøyl, samhandlingskoordinator
Samhandlingskoordinator
skal initiere samhandlingstiltak og vera ansvarlig for å koordinere og fylgje opp alle prosjekt som er vedtatt av styringsgruppa. Samstundes skal koordinator vera ein kanal for dei som ynskjer å ta opp nye idèar til samhandlingstiltak og prosjekt og forankre prosjekta i arbeidsgruppa. Vedkommande skal og syte for naudsynt informasjon.
Arbeidsgruppa:
Samhandskoordinator sin arbeidsgruppe består sektorleiarar i kommunane, representantar frå sjukehuset, tillitsvalde og brukarrepresentant. Sektorleiarane er ansvarleg for forankring på tenestenivå i eigen kommune og er ansvarleg for lokale arbeidsgrupper.
Kari Dalen, institusjonssjef Vinje kommune
Kari Gro Espeland, kommunalsjef for helse- og omsorg Seljord
Olav Kaasa, pleie- og omsorgssjef Kviteseid kommune
Niina Laaksonen, pleie- og omsorgsleiar Tokke kommune
Inger Stokstad, pleie- og omsorgsleiar Nissedal kommune
Vivi Amstrup Nielsen, sektorsjef helse- og omsorg Fyresdal kommune
Siv Skogheim, tillitsvald frå Fagforbundet, Tokke kommune
Gunvor Hegni, SAFO Telemark
Reidun Erikstein, seksjonsleiar DPS Seljord (STHF)
Randi Mår Johnson, seksjonsleiar hjerte, nyre, hormon STHF.
Sist oppdatert 18.02.2011