Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Bygging

I Vinje er byggesakshandsamarane tilknytta Tenestetorget.
- Har du spørsmål om byggesaker, kontakt Tenestetorget på tlf 35 06 23 00. Dei kan rettleie deg og eventuelt setje deg over til rett person.
- Vil du møte ein byggesakshandsamar, er det lurt å avtale tid på førehand. Kontakt Tenestetorget pr telefon eller epost tenestetorget@vinje.kommune.no .
   

Byggesaksblankettar for utskrift
Byggsøk 
Byggesaksgebyr

1. Byggetiltak som ikkje krev søknad eller løyve
Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal sakshandsaming. Men nokre viktige føresetnader må vera oppfylt. Dersom eit byggetiltak fører til fare eller urimelig ulempe for omgivingane eller allmenne interesser, vil ikkje vilkåra for unntak være oppfylt.
Klikk her for meir informasjon

2. Byggetiltak der tiltakshavar sjølv kan stå ansvarleg jfr. plan- og bygningslova § 20-2.
Denne søknadstypa har ikkje så omfattande krav til dokumentasjon og sakshandsaming som ein full søknad. I desse sakene har tiltakshavar sjølv eit ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt med heimel i plan- og bygningsloven. Avhengig av tiltakets vanskelighetsgrad og eigen kompetanse, kan det være nødvendig med byggfaglig bistand. Dei vanligaste tiltak som er omfatta av denne type søknadar er mindre uthus, garasjar og tilbygg.
Klikk her for meir informasjon

3. Byggetiltak som krev full søknad med ansvarlege føretak jfr plan- og bygningslova § 20-1
Dei tiltak som ikkje er nemnt under pkt. 1 og 2 skal handsamas som søknad. Slike søknader skal sendes inn av profesjonelle aktørar som skal ha den nødvendige kunnskap om plan- og bygningslovens reglar.
Kommunen krev at slik kunnskap dokumenterast gjennom utdanning og praksis eller ved at det føreligg sentral godkjenning. Slik dokumentasjon krevjast og for prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak som er søknadspliktig.
Klikk her for meir informasjon

4. Energimerking
Alle bustader, hytter og fritidseigedommar må energimerkast før dei vert lagt ut for sal. Ved utleige må hytta/fritidseigedommen merkast om ein skal bruke den meir enn fire månader i året. Les meir her 

 

 

 

Sist oppdatert 03.02.2011