ENØK-fond retningsliner
Retningsliner for ENØK-tiltak i Vinje kommune.
Reglar for handsaming av saker frå 1.1.2012
Føremål
Målet med desse retningslinene er å klargjere vilkåra for økonomisk støtte til tiltak som kan redusere energiforbruket i Vinje kommune og auke utnyttinga av lokale og fornybare energikjelder. Storleiken på enøkfondet blir fastsett av kommunestyret i samband med dei årlege budsjetthandsamingane. Bruken av midlane blir kvart år rapportert i samband med årsmeldinga.
Energiøkonomiseringstiltak i kommunale bygg
Eininga for teknisk drift og vedlikehald prioriterer bruken av midlane til kommunale bygg. Midlane skal brukast til dei tiltaka som gir størst effekt for å redusere energiforbruket i kommunale bygg.
Energiøkonomiseringstiltak for private verksemder.
Næringskontoret tildeler midlane til private verksemder også innan landbruket etter søknad. Midlane kan tildelast ein gong kvart år og kan berre tildelast verksemder i Vinje kommune.
Næringskontoret har ansvar for å kunngjera støtteordninga for private verksemder.
Midlane skal gå til:
• Utbytting av gamle ved-/og oljeomnar til reintbrennande vedomnar eller pelletsomnar
• Montering av reintbrennande peisinnsatsar
• Installasjon av vatn varmepumper
• Installasjon av luft varmepumper
• Installasjon av driftsstyring av elektriske anlegg
• Installasjon av solenergianlegg
• Pelletsanlegg
• Biobrenselanlegg til vassboren varme
• Bygningsmessige tiltak som reduserar energiforbruket
• Tilskot til verksemder som får miljøsertifisering.
Energiøkonomiseringstiltak - private husstandar (avslutta 31.12.12)
Tenestetorget tildeler midlane til private, fastbuande husstandar i Vinje kommune.
Midlane skal gå til:
- Utbytting av gamle ved-/og oljeomnar til reintbrennande vedomnar eller pelletsomnar
- Montering av reintbrennande peisinnsatsar
- Installasjon av vatn varmepumper i nye og gamle bygg
- Installasjon av luft varmepumper i nye og gamle bygg
- Montering av reintbrennande innsats i antikke omnar
- Anlegg til vassboren varme
Tilskotet blir utbetalt etter utfylling av søknadsskjema og dokumentasjon om at tiltaket er innkjøpt og installert. Det er sett ein maksimalgrense for tilskot slik:
- Vedomnar og pelletsomnar kr. 3 000
- Peisinnsats kr 3 000
- Innsats i antikke omnar 3 000
- Vann varmepumpar kr. 25 000
- Luft varmepumpar kr. 5 000
- Pelletsanlegg kr. 12 500
- Anlegg til vassboren varme kr 25.000
Tenestetorget har ansvar for å kunngjera støtteordninga for private husstandar. Midlane blir fordelt fortløpande. Tilskotet blir utbetalt etter utfylling av søknadsskjema og dokumentasjon om at tiltaket er innkjøpt. Tilskot blir gjeve med inntil 40% av investeringa.
Klagerett
Avslag på søknadar om støtte til private verksemder og husstandar kan påklagast til Formannskapet.
Sist oppdatert 04.01.2013