Engelsk
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Ledige bustadtomter

Det er Tenestetorget som administrerer sal av kommunale bustadtomter i Vinje kommune.

Bustadtomtene i dei kommunale bustadfelta i Vinje kommune vert omsett til ein sterkt subsidiert pris og er eit bustadpolitisk verkemiddel for å styrke fast busetnad i kommunen. Tomtekjøparar som ikkje alt er innbyggjarar i Vinje kommune, må difor melde flytting til Vinje kommune seinast når bustaden er innflyttingsklar.

Kommunestyret har i møte 31.01.08, sak 08/16 gjort vedtak om at det skal vera høve til å kjøpe meir enn ei kommunal bustadtomt i Juvbakkfeltet og Slobrekkfeltet.

Vedtaket er referert her

  • Kommunestyret ser eit behov for å differensiere reglane for kjøp av kommunale tomter utfrå kvar i kommunen tomtene ligg.
  • I Slobrekkfeltet opnar ein for at det blir mogeleg å kjøpe inntil 3 tomter i gjeldande plan.
  • I det gamle Juvbakkfeltet opnar ein for at ein kan få kjøpe inntil 2 tomter. I det nye kan ein berre få kjøpt ei tomt.
  • Felles for båe felta er at ein skal betale full tomtepris for kvar tomt slik den er fastsett. 

OBS!
I nye byggefelt som er etablert etter 2008 vert det ikkje opna for sal av meir enn ei tomt per kjøpar. Det gjeld mellom anna det nye bustadfeltet i Juvbakk (tomt 19 - 32).
Sjå vedtak i kommunestyret i sak 10/44.

Under finn du kart over dei kommunle bustadfelta - ledige tomter er merkt gult. Karta skal vera oppdaterte, men det kan skje endringar som ikkje er registrert, så ta kontakt med Tenestetorget tlf 35 06 23 00 for nærare opplysningar.

Såtehov (Rauland) 
Slobrekk (Edland)  
Juvbakk (Åmot) 
Drotning (Åmot)
Bøgrend 

Prisliste

Søknadsskjemaet finn du her , og det skal sendast til

Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje

postmottak@vinje.kommune.no   

Sist oppdatert 10.01.2012