MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Informasjon til lånarane våre

Korleis bli lånar

Du må ha eit lånekort som du får på alle avdelingane, lånekortet gjeld i heile Vest-Telemark.

For å lage lånekort treng me desse opplysingane
namn og adresse
fødselsdag og –år
telefonnummer
e-postadresse for dei som har

Lånekortskjema finn du her.
Du er ansvarleg for det som blir lånt på kortet ditt.

Har du mista eller treng nytt lånekort kostar eit nytt kr 10.

Barn kan få eige lånekort frå dei startar i 1. klasse, men fram til dei går i 8. klasse må dei ha med godkjenning frå føresette før dei får lånekort. (Grunnen er at føresette er økonomisk ansvarlege for sine barn).

Ver snill å vise lånekortet ditt når du skal låne 

Dette finn du i biblioteket 

·        Fag- og skjønnlitteratur for barn og vaksne
·        Oppslagsverk
·        Lydbøker
·        Språkkurs
·        Filmar
·        Aviser
·        Tidsskrifter
·        Musikk 

Offentleg informasjon

M.a.
·        Kommunale sakspapir og planar
·        Fylkeskommunal informasjon
·        Statleg informasjon 

Andre tilbod/tenester

·        Tilgang til internett
·        Hjelp til litteratursøking i eksterne databasar
·        Fjernlån av bøker
·        Tinging av tidsskrift/artiklar frå inn- og utland

Lånetid

Bøker/lydbøker            4 veker
Video/DVD                   1 veke
CD/kassett                   4 veker
Blad/tidsskrift                2 veker 

Fornye lånet

Du kan få fornya lånet både pr. telefon og ved frammøte, dersom ingen andre står på venteliste – eller du kan gå inn på http://www.aleph.no/vinje og forlenge lånet ditt sjølv. 

Reservering

Me kan reservere utlånt materiell for deg.

Fjernlån

Dersom det er viktig for deg å få tak i bøker/artiklar me ikkje har, kan me skaffe det frå andre bibliotek.

Internett

Du kan tinge tid for å bruke internett på publikumsmaskina vår.
Kvar brukar får 30 minutt til rådvelde.

Purring

Dersom du ikkje leverer det du har lånt innan utgangen av lånetida,
får du tilsendt purrebrev.

Det blir sendt krav om erstatning om ikkje materialet blir levert.

Levering av bøker utanom opningstidene

Edland
Bokinnkast til venstre ved inngangen til biblioteket.
Rauland
Innleveringskasse i gangen til biblioteket.
Åmot
Bokinnkast til høgre for inngangen til biblioteket.

Samarbeidsavtale mellom Vinje folkebibliotek og skulane i Vinje.  





 

Sist oppdatert 22.12.2011