Lokalhistorisk arkiv
Lesesalen i Grotten er ikkje som andre lesesalar.
Her kan du prate og samarbeide med naboen. Fast kaffepause er dagens høgdepunkt for mange. Her nytast medbrakt mat og drikke og gode historiar kan forteljast og nytast.
Fleire av ”forskarane” har fartstid frå tidleg 1990 –tal, men det er alltid plass for nye!
Ættesogegruppa til Rauland historielag har møtestad her kvar måndag.
Vil du kjøpe deg mat, kan du nytte høve til å smake på maten til kokkane på Raulandsakademiet.
Elles er det bibliotek på Høgskulen i sama bygning og det er stadig små utstillingar i salar og gangar.
Velkomen. Me har teke av plass til deg i lesesalen!
Sist oppdatert 13.09.2010