MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Vinje kulturskule

Vinje kulturskule er eit kommunalt tilbod til barn og unge som ynskjer opplæring
i musikk og andre kunst- og kulturuttrykk. I dag har Vinje kulturskule fylgjande
undervisningstilbod: gitar, samspel, teater, kveding, hardingfele, trommer, piano og korpsinstrument.

GenereltTilbodSkulerute
 
 

Mål
Å gje den einskilde elev dei beste føresetnader for å utvikle dei kunstnariske og 
skapande evnene sine, samt å fremje elevane si forståing og oppleving av kunst 
og kultur som allmennmenneskeleg uttrykksform.

Å utvikle elevane sine instrumentale og kunstnariske dugleikar etter den einskilde 
sine føresetnader, slik at dei kan få ein meiningsfylt og stimulerande fritidsaktivitet 
og eit godt grunnlag for ei seinare yrkesutdanning.

Å skape aktive lyttarar og brukarar som er i stand til å velje og vurdere innanfor 
det mangfaldet av musikk- og kulturtilbod som finst i dagens samfunn.

Å vera ein ressurs for resten av skuleverket og kulturlivet i arbeidet med å gje 
opplæring i og fremje forståing og interesse for kunst og kultur i lokalmiljøet. 

Sist oppdatert 02.03.2012

SKJEMA OG GEBYR

Søknadsskjema
Prisar

Vedtekter kulturskulen


NYTTIGE LENKER

UKM  (ungdommens kulturmønstring)

Musikkutstyrsordningen

Frifond (støtteordning for unge med lav terskel)

Legatsiden (her finn du alle moglege legater og støtteordningar - alle kategorier og sjangere)

Musikkguiden (flott oversikt over musikkbransjen i Norge)

Tenesteomtaler
Kulturskule