Produksjonstilskot i jordbruket
Produksjonstilskot i jordbruket, inkludert tilskot til avløysing ved ferie og fritid.
For desse tilskota er det to søknadsfristar i året, 20. januar og 20. august. Søknadsfristane blir kunngjort i dei større avisene. Det er nye forskrifter og søknadsskjema for kvar søknadsomgang.
Statens landbruksforvaltning
Forskriftene er utarbeidd i samsvar med Jordbruksavtala. Skjema blir sendt direkte til dei som har søkt tidlegare, nye søkjarar må få skjema hos kommunal landbruksforvaltning. Søknad skal sendast til kommunal landbruksforvaltning som kontroller og godkjenner søknadene. Statens landbruksforvaltning sender utbetalingsskriv og overfører tilskotet til oppgjeven bankkonto. Eventuell klage skal sendast via kommunal landbruksforvaltning, men stilast til fylkesmannens landbruksavdeling som avgjer.
Les meir om produksjonstilskot på Statens landbruksforvaltning her.
Aktuelle samarbeidspartnarar
Når det gjeld produksjonstilskot til grovfor, såkalla areal- og kulturlandskapstilskot, er det frå år 2003 sett krav om miljøplan inkludert gjødslingsplan.
Dette arbeidet kan ein få hjelp til gjennom Forsøksringen Telemark v/ Ellen Tove Volhovd tlf 35076299/97037975.