MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Avløysartilskot ved ferie og fritid

Avløysartilskot gjeld tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

For desse tilskota er det to søknadsfristar i året, 20. januar og 20.august.
Søknadsfristane blir kunngjort i dei større avisene.

Det er nye forskrifter og søknadsskjema for kvar søknadsomgang.
Forskriftene er utarbeidd i samsvar med siste Jordbruksavtala.

Skjema blir sendt direkte til dei som har søkt tidlegare, nye søkjarar må få skjema hos kommunal landbruksforvaltning (Vinje næringskontor, landbruksavdelinga).

Søknad skal sendast til kommunal landbruksforvaltning som kontrollerer og godkjenner søknadene.

Statens landbruksforvaltning sender utbetalingsskriv og overfører tilskotet til oppgjeven bankkonto. Eventuell kommunal klage skal sendast om KOMMUNAL LANDBRUKSFORVALTNING, men stilast til Fylkesmannen si landbruksavdeling som avgjer.

Andre samarbeidspartnarar for avløysarordningane:
Vest-Telemark Landbrukstenester
Dagleg leiar Valborg Lindgren,
tlf.  35 94 38 49/99457416

VTL disponerer også eigne avløysarar.

Rekneskapskontora;
desse har me fleire av i regionen.

Båe desse alternativa er gode å ha dersom ein treng hjelp med papirmølla i samband med dokumentasjon av avløysarutgiftene.

Les meir om landbruksvikarordninga her  

Sist oppdatert 29.10.2010