Kommunale hytter - Berunuten Vest
Vinje kommune er eigar av den store fjelleigedomen BERUNUTEN VEST, som ligg nord for SONGAVATN. Denne eigedomen, på omlag 90 000 daa, kjøpte Vinje kommune av brukseigar Treschow i 1979.
Med dette kjøpet ville kommunen opne ein bit av dei store fjellviddene for bruk til jakt, fiske og anna friluftsliv for ålmenta. Desse områda var, og er, for ein stor del private og utanbygds eigde.
Sportsfiske, småviltjakt, friluftsliv, delar av storviltjakta samt dei 7 hyttene på eigedomen er tilgjenge for alle.
På eigedomen er det 7 hytter + uthus som står opne.
Klikk for større bilde.
 |
 |
 |
Berunuten (gamlestoga) 120 m2 12 sengeplassar
Berunuten (Fougnerhytta) 50 m2 6 sengeplassar |
Smerheller 75 m2 7 sengeplassar
|
Fjarefit 60 m2 7 sengeplassar |
 |
 |
 |
Glaimane 50 m2 14 sengeplassar |
Bamsebu 25 m2 4 sengeplassar |
Hellevatn 30 m2 6 sengeplassar |
Hyttene har ved, propan, kokeutstyr og dekketøy. Personleg utstyr, som sovepose/mat m.m., må du sjølv ha med deg.
| Prisar- innanbygds |
Prisar utanbygds |
| Overnatting kr 100,-/døgn |
kr 200,-/døgn |
| Rasting kr 25,- |
kr 50,- |
Born under 16 år, ½ pris (gjeld innanbygds og utanbygds)
Betaling for overnatting må du gjera på den einskilde hytta.
Det er vedtekne reglar for bruk av hyttene, dei går på å bruke sunt folkevett og vise omsyn til andre.
NB! Alle skal skrive seg inn i besøksprotokollen med det same dei kjem til hytta.
Årsmelding 2005
Årsmelding 2006
Årsmelding 2007
Årsmelding 2008