Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Fakta om kommunen

 

Innbyggjarar
Samla areal km2
- landareal
- vatn og innsjøar
              
Innbyggjarar pr km2
Jordbruksareal i drift
Kommunenr: 0834

Kommunefakta Vinje    
3641 (pr 01.01.10)          
3106
2740
366

17
 
Vinje kommune kart 

Fakta om kommunevåpenet

Reglar for bruk av kommunevåpenet

 

Øvst i Telemark og sentralt i Sør-Noreg
Vinje kommune ligg øvst i Telemark og sentralt i Sør-Noreg. E-134 går tvers gjennom kommunen og er eit hovudsamband mellom aust og vest. E-134 møter riksvei 9 til Kristiansand i Haukeli. I Åmot møtast riksveg 37 frå Kongsberg og Rjukan med riksveg 38 frå Vrådal og Dalen.
Komfortable ekspressbussar- Telemark Bilruter har regelmessige avgangar vest,- sør og austover kvar dag.

Natur for alle.
Med eit areal større enn Vestfold fylke har kommunen rikeleg med tumleplass, frå det ville høgfjellet innover Hardangervidda der reinen og rjupa bur, til det blide og vakre kulturlandskapet i gamle grender. Her er brusande elver og stille tjønner og vatn der auren vaker, vide heiar med fuglar og dyr.

Nyt naturen
I Vinje kan ein vandre i villmarka heile dagen utan å treffe folk, eller nytte dei mange tilboda som legg naturopplevingane til rettes for publikum.

Om vinteren: moderne, godt utbygde alpinanlegg, kjelkebakker, milevis med velpreparerte låmer.

Om sumaren: ridesenter, gardsturisme, turorienteringsløyper, naturstigar og mykje meir. Kommunen har lange tradisjonar i reiseliv . Turistar kan velje mellom campinghytter, caravanplassar og hotell av høg standard.

Livskraftig kultur og tradisjonar
Grender med solsvidde tun frå mellomalderen, helleristningar frå bronsealderen og gravhaugar frå eldre jernalder. Ein diktartradisjon frå eventyra og folkevisene til Aasmund O. Vinje og Tarjei Vesaas til ein musikktradisjon frå Myllarguten til unge spelemenn og rockemusikarar.

Henrik Sørensen måla fleire av sin beste bilete her. Dyre Vaa har fylt hovudstaden med skulpturar han lage på Rauland. Tre faste galleri har samlingar av Henrik Sørensen og Harald Kihle , Knut Skinnarland , Dyre Vaa , Tor Vaa og Svallaug Svalastoga. Det er store mønstringar av kunst og handverk kvar sumar.