| Ledige tomter |
Vinje kommune har ledige tomter i Edland, Rauland og Åmot. Alle tomtene er subsidiert og kostar kr. 80.000 + omkostningar. |
| Arbeidsplassar og næringsliv |
Offentleg tenesteyting er den største næringa i Vinje, men her finst og eit godt utval av forretningar og reiselivsverksemder. Reiseliv er det største satsingsområdet. Ledige stillingar i Vinje kommune NAV - jobb og arbeidsliv
|
| Grunnskular og barnehagar |
Vinje kommune har 3 fullt utbygde ungdomsskular, 2 oppvekstsenter med barnehagar og 3 reine barnehagar. Vi har full barnehagedekning og god skulefritidsordning. |
| Vidaregåande skule |
Vest-Telemark vidaregåande skule ligg i nabokommunen Tokke. Det går skulebuss dagleg frå Vinje. |
| Høgskulen i Telemark |
Institutt for Folkekultur på Rauland er ein avdeling av Høgskulen i Telemark med nasjonalt ansvar for høgare utdanning innan folkekultur.
|
| Kultur og fritid |
Mange kjente kunstnarar kjem frå Vinje. Tarjei Vesaas, Åsmund Olavsson Vinje, Dyre Vaa, Knut Skinnarland, Myllarguten og mange andre. Odd Nordstoga kjem frå Vinje, og det gjer og idrettsfolk som Terje Håkonsen og Knut Tore Apeland. Vinje har og ein godt utbygd kulturskule.
|
| Jakt fiske og friluftsliv |
Det finst eit variert tilbod for dei som er interessert i friluftsliv. Alt frå alpinanlegg til mange mil med merka skiløyper og turløyper. Kommunen eig Berunuten som er eit stort område med tilsaman 6 hytter som er opne for dei som vil.
|
| Helse og omsorg |
Vinje kommune har eit godt utbygd tenestetilbod med bl.a 3 legekontor, gode heimetenester og institusjonar.
|