Langsiktig arbeid og medvitne diskusjonar
Regjeringa har teke initiativ til å etablere eit kompetansesenter for distriktsutvikling. Senteret skal støtte opp om lokal utviklingskraft og lokale initiativ. Senteret har fått namnet Distriktssenteret.
Distriktssenteret har laga ei internettside som dei kallar Omdømme. Dette er ein nettstad om omdømmearbeid i kommunar og regionar. Distriktsenteret har som mål at sidene skal vere til inspirasjon for omdømmebyggarar, og ein arena der erfaringer og råd kan deles.
Vinje kommune er omtala på denne internettsida.
I innleiinga til artikkelen står det " Tre nasjonale prisar har vore med på å gje Vinje kommune omdømme som kulturkommune, ein open og inkluderande kommune og ein servicekommune."
Les heile artikkelen her.